Rapport fra erfaringsseminar snøskred

Snøskred i fjellside.
Snøskred i fjellside.

Hausten 2023 arrangerte HRS og Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning eit erfaringsseminar om snøskred og redningsteneste. Rapporten frå dette seminaret er no klar. Der finn du erfaringar som vart presentert på seminaret, og anbefalinger for vidare utvikling av skredredningstenesta. 

Programmet var fordelt over to dagar, og foredragshaldarane kom frå heile landet. Målet var å presentere særskilte erfaringar frå vintersesongen 2022-2023 og å trekkje fram viktige tema for nærmare analyse og utvikling. Det var spesielt invitert til bidrag som kan støtte revisjon av den nasjonale rettleiaren for redningsteneste ved snøskredulykker.

Les rapporten her

Utfordringar og anbefalingar frå rapporten

  • Det er behov for å standardisere datainnsamlinga etter redningsaksjonar, med utgangspunkt i klare definisjonar av ulike målepunkt.
  • Skredredningssystemet bør utvikle prosess- og resultatindikatorar som kan beskrive responskvalitet og effektivitet i ulike fasar av skredredningsaksjonar
  • Det er behov for å beskrive nærmare dei skredsituasjonane som tilseier varsling og mobilisering av ekstra ressursar.
  • Det er behov for å redusere talet på uønskte hendingar, der redningsmannskap er eksponert i utløpsområde for snøskred under farlege forhold.
  • Det er grunnlag for å einast om faste utrykkingsmønster i fyrste fasen av skredredningsaksjonar.

Veileder for redningstjenesten ved snøskredulykker.

Publisert i