Ny rapport om fjellredning i Jotunheimen

Fjellandskap med turkis vann.
Illustrasjonsfoto: Besseggen i Jotunheimen (Foto: Nick Sarebi / Flickr / CC BY-NC-ND 2.0)
Fjellandskap med turkis vann.
Illustrasjonsfoto: Besseggen i Jotunheimen (Foto: Nick Sarebi / Flickr / CC BY-NC-ND 2.0)

Det har vore ein betydeleg auke i fjellredningsoppdrag og personskadeulykker i perioden fra 2005 til 2020, viser ein ny forskningsrapport frå Nasjonalt Kompetansesenter Fjellredning.

Fjellredningssenteret arbeider, som ein del av forskingsprosjektet om klimarisiko i Jotunheimen, med å kartleggje og analysere fjellredningsoppdrag i Jotunheimen. Den første rapporten i dette arbeidet er no ferdig.

Helseoppdrag har vorte vanlegare, spesielt i populære turområde som Besseggen og Galdhøpiggen. Norske turistar, ofte på fottur, utgjer majoriteten av dei som treng hjelp, og redningsoppdrag skjer oftare i meir komplekst terreng.

Les heile rapporten her: Fjellredningsoppdrag i Jotunheimen

Samandrag av rapporten 

I samanheng med prosjektet «Klimarisiko i Jotunheimen», støtta av Regionalt forskingsfond Innlandet, har Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning gjennomført ein studie av fjellredningsoppdrag i Jotunheimen i perioden 2005 – 2020 (16 år). Studien er basert på loggar og rapportar som er henta inn separat frå både helse- og redningsvesen og gjev eit unikt innblikk i heile erfaringsbanken til fjellredningstenesta. 

Formålet med studien er å beskrive og karakterisere historiske fjellredningsoppdrag i Jotunheimen, som utgangspunkt for å vurdere om eit klimaendra landskap kan føre til endringar i oppdragstypane for fjellredningstenesta. Funn i studien har relevans for heile landet. 

916 fjellredningsoppdrag fordelt på 470 redningsoppdrag og 446 helseoppdrag danna grunnlaget for ei omfattande karakterisering av hendingar, aktivitetar, årsaker og redningsinnsats i 11 ulike område. 

Det var ei signifikant auke i både fjellredningsoppdrag og personskadeulykker frå fyrste til siste halvdel i studieperioden. Helseoppdrag vart òg stadig vanlegare i studieperioden, til fordel for færre redningsoppdrag. 

Det var flest registrerte fjellredningsoppdrag i populære turområde som Besseggen Gjende, Galdhøpiggen og Bygdin Tyin mot Beitostølen. Mens Vest-Jotunheimen hadde relativt sett flest redningsoppdrag, dominerte helseoppdrag på Besseggen og Galdhøpiggen. 

Fleirtalet av dei som trengde hjelp var nordmenn på fottur / tinderangling. Mens 9 av 10 redningsoppdrag handla om å hjelpe uskadde som ikkje kom seg vidare ved eigen hjelp, var det ein pasient involvert i 9 av 10 helseoppdrag. Det var 17 dødsulykker med 17 omkomne i løpet av den 16 år lange studieperioden. Det var vanlegast å rykke ut for å hjelpe nødstilte på kjend posisjon, og den trenden forsterka seg gjennom den 16 år lange studieperioden.

Oppdragsstad er kategorisert i ein av tre klassar, som enkelt, utfordrande og komplekst terreng. Frekvensen av redningsoppdrag aukar med aukande kompleksitet og halvparten av alle oppdrag i komplekst terreng var personskadeulykker. 

Luftambulansen er den dominerande aktøren i fjellredningsoppdrag i Jotunheimen, då dei ofte opererer som einaste ressurs, er som regel fyrst framme på skadestaden og evakuerer flest nødstilte. Helikopterredning er den vanlegaste evakueringsmåten i komplekst terreng, mens mange går ut sjølve eller blir følgt og transportert av friviljuge redningsmannskap i enkelt og utfordrande terreng. Luftambulansetenesta bør styrkast med helikopter som har god løftekapasitet i høgalpint terreng og heis. 

Dagens dynamiske tilpassing av redningsinnsatsen i ulike fjellredningsoppdrag er eit godt utgangspunkt for å tilpasse seg endringar i oppdragsprofil for Jotunheimen. 

Det hastar med å fordele ansvaret for læringsprosess og kunnskapsgenerering i redningstenesta.

Vil du vite meir?

Frå Hovedredningssentralen har redningsleiar Kjetil M. N. Hagen jobba fram datagrunnlaget på redningsoppdrag, som vert nytta i rapporten.

På Nasjonalt Kompetansesenter Fjellredning er det Albert Lunde og Erlend Aarsæther som har jobba fram rapporten.

Publisert i