Bragstad ny leiar i Bodø
Hanne Helen Bragstad er tilsett som ny avdelingsdirektør ved Hovedredningssentralen si avdeling i Nord-Noreg. Ho starta i stillinga 1. juni.
Bragstad har lang fartstid frå Forsvaret, der ho dei siste åra har vore ved Forsvarets operative hovudkvarter på Reitan som senior stabsoffiser. Ho har bakgrunn frå Luftforsvaret, og har mellom anna tenestegjort på Andøya og Orion overvakingsfly.
Direktør for Hovedredningssentralen, Jon Halvorsen, er godt nøgd med å ha fått Bragstad med på laget.
– Det er ei stor glede å ønske Hanne velkommen til oss på Hovedredningssentralen, dette har vi sett fram til! seier han.
Han peikar på at ho har kunnskap og erfaring knytt til operasjonell leiing, verksemdstyring og personaloppfølging som er svært nyttige med tanke på å tre inn i leiinga ved Hovedredningssentralen.
– Hanne har både ein breiddekompetanse og ei analytisk tilnærming som vil styrke Hovedredningssentralen sitt arbeid seier Halvorsen.
Han fortel at i tillegg til å være sjef for avdelinga i Bodø får Bragstad ei nasjonal oppgåve med å sikre systemlikskap mellom dei to operasjonsromma i sør og nord.
Klar for nye utfordringar
På utdanningssida har Bragstad bachelor i leiing og militærstudiar frå Luftkrigsskolen, og master i militære studiar frå Forsvarets Høgskole. Masteroppgåva handla om Noreg sitt forhold til Russland, og balansen mellom trygging og avskrekking. Ho er oppteken av eigenutvikling, og har gjennom åra jamleg sørga for påfyll ved sida av jobb. Bragstad kan difor også skilte med ei lang rekke enkeltemne og studiar innan mellom anna psykologi, leiing, kommunikasjon og politisk analyse.
No er ho klar for å ta fatt på nye utfordringar i redningstenesta.
– Eg er veldig glad for å være på plass ved Hovedredningssentralen, og har sett fram til å byrje her! Det kjennes som eit privilegium å jobbe i ein organisasjon som har som hovudoppdrag å berge liv, og eg gleder meg til å bidra til dette.
Ho håpar å bringe meirverdi til organisasjonen ved å legge tilhøva til rette for at redningsleiarane skal kunne gjere jobben sin på best mogleg måte, og elles bidra til at organisasjonen som heilskap fungerer godt.
– I tillegg til å bli kjent med organisasjonen og folka som jobbar her, ser eg også fram til å bli betre kjent med alle samarbeidspartnarane og ressursane som spelar på lag med HRS. Eg har nå lagt mange flotte år med variert teneste i Forsvaret bak meg, og eg håpar at desse erfaringane kan gjere nytte for seg i HRS, avsluttar Hanne Helen Bragstad.