Presseinvitasjon: SAR Queen overtar i Florø
2. oktober 12.00 blir det ei markering ved redningshelikopterbasen i Florø. CHC Helikopter Service blir takka av etter å ha drifta redningshelikopterbasen sidan 1. september 2017.
Luftforsvarets 330 skvadron kjem no tilbake til Florø, og denne gongen har dei med seg det nye redningshelikopteret, SAR Queen.
Dette er også ei markering av at med dette er dei nye redningshelikoptra innført ved alle seks basane dei er planlagt brukt ved, og med det går NAWSARH-prosjektet (kjøp av nye redningshelikopter) mot slutten.
Ved markeringa i Florø blir det talar ved
- Statssekretær Hans-Petter Aasen (Justis- og beredskapsdepartementet)
- Direktør Jon Halvorsen (Hovedredningssentralen)
- Sjef Luftforsvaret Øivind Gunnerud
- Direktør Tore Villard (CHC Helikopter Service)
Arrangementet finn stad i redningshelikopter-hangaren på flyplassen i Florø.
Praktisk informasjon
Tid: 12.00-14.00. Dei som melder seg på får nærare tilbakemelding om oppmøtetidspunkt
Stad: Florø lufthamn
Presse må melde seg på førehand via epost til anja.bakken@hovedredningssentralen.no, innan 30. september kl. 12.
Ta med gyldig pressekort eller ID med bilete.
Det vil etter planen bli arrangert ein tur med SAR Queen for utvalgte gjester, og media vil få høve til å vere med på denne. Dersom mange påmeldte frå media må vi gjere eit utval. Dei som evt. ikkje få vere med vil få tilbod om film/fotomateriale frå forsvaret sitt personell som er med på flyturen.
Kontakt
Hovedredningssentralen: Seniorrådgjevar kommunikasjon, Anja Bakken, 482 00 284, anja.bakken@hovedredningssentralen.no
Luftforsvaret: Talsperson, major Stian Roen, 91 52 40 68, sroen@mil.no